KjetilR's avatar
KjetilR
kjetilr@nostr.land
npub1ul0k...w6df
Gardener from Norway
KjetilR's avatar
KjetilR 3 days ago
#norgstr bitmynt stenger. Fra nettsiden til bitmynt: «Bitmynt stengjer ned vekslingstenesta Då eg starta opp mi enkle vekslingsteneste i 2010, var det nesten umogeleg å veksle mellom BTC og NOK. Tenester som MtGox eksisterte, men mangla bankkonto og var difor nesten umogeleg å handle på. Elles var ein avhengig av å finne nokon på Bitcointalk eller IRC. Ingen andre norske veksla. Eg byrja å tilby veksling på IRC-kanalen #bitcoin-otc. Der er eg framleis den einaste med over 1000 i samla rating: Hausten 2013 tente eg mykje meir på robothandel enn på min vanlege jobb, og omsetnaden hadde teke seg opp kraftig. Då sa eg opp jobben for å starte Bitmynt AS og for å drive med bitcoinhandel på fulltid. Derifrå starta ein lang kamp mot bankane. Eg vil ikkje gå i detaljar om den her. Det vert ein annan gong. Frå og med den 15. oktober 2018 kom Bitcoin under kvitvaskingslova. Eg dreiv framleis handelen som privatperson, men måtte forhalde meg til den. Finanstilsynet kom med på laget, og eg fekk endeleg bankkonto. I 2019, etter 6 års kamp mot bankar og med haugevis av stengde bankkonti, oppsagde kundeforhold og ei rettssak mot Nordea bak meg, kunne eg endeleg starte Bitmynt AS og tilsetje folk! Målet var å starte ei teneste som kunne gjere bitcoin-brukarar uavhengige av norsk bankkonto, men utan å oppbevare bitcoin for kundar. Vi skulle tilby veksling, rekningsbetaling, lønsutbetaling for bedrifter og måtar tredjepartar kunne sende oss NOK for veksling til BTC som kunden vår kunne motta til si private lommebok med sine private nøklar. Alt dette var mogeleg innanfor kvitvaskingslova frå 2018. Sovidt eg kan sjå, er det framleis mogeleg etter MiCA, men veldig mykje vanskelegare. Vi kom ikkje i mål. Det er mange grunnar til dette. Ein vesentleg grunn var at eg sjølv hadde fått blodkreft og fekk stadig mindre energi, og trudde sjølv at eg var utbrend. Kreften vart diagnostisert i desember 2020. No er kreften gradvis på veg ut av kroppen, for det finst heldigvis god medisin, men medisinen har òg biverknader. Kreften kom på verst mogelege tidspunkt. Frå 1. juli vert MiCA innført i Noreg. Den set veldig mykje strengare krav til vekslingstenester. Det er i praksis ikkje lenger mogeleg å drive ei enkelt vekslingsteneste, frå no av er regelverket like strengt som for finansinstitusjonar. Mitt ynskje var aldri å verte nokon form for bank. Eg skulle drive ei enkel vekslingsteneste. Dei siste åra har vi heldigvis fått fleire konkurrentar. Det har vore viktig for meg, for no er vi ikkje lenger eitt svakt punkt som bankane kan gå til åtak på for å i praksis forby bitcoin i Noreg. Eg har støtta fleire av dei med likviditet og investeringar. Difor er det heilt greitt å setje punktum no. Det vil framleis vere mogeleg å veksle mellom bitcoin og norske kroner i Noreg utan meg. Vi har difor valt å ikkje søkje om konsesjon etter MiCA, med alle formalitetane som må på plass og alt byråkratiet og jussen rundt. Den 16. juni 2026 er det difor slutt. Då har vi eit par veker til å rydde opp. Alle opne ordrar vert gjorde opp i løpet av dei næraste vekene. Nettsidene vert verande ei stund til, slik at de kan hente ut historikk. Noko nedetid må påreknast i juli, fordi vi må omorganisere maskinparken og redusere utgiftene. Fleire har teke kontakt for å kjøpe kundane våre. Det er ikkje aktuelt. I personvernvilkåra våre står det at vi ikkje utleverer informasjon om kundane våre til nokon, med mindre lova krev det. Andre har vore ute etter å kjøpe selskapet med kundane. Det ville vore å omgå vilkåret. Eg har difor bestemt meg for å heller ikkje gjere det, trass i at eg då ville fått att mykje av det eg har investert i Bitmynt. Vi stengjer i staden butikken permanent. Kundeinformasjon vert sletta so snart vi har lov til det. I staden har vi fått på plass ei heilt frivillig ordning med Bare Bitcoin. Bare Bitcoin er òg ei enkel vekslingsteneste, som i tillegg tilbyr oppbevaring og ein app. Dersom du registrerer deg via lenkja, får du bb+ i 6 månader. Det vil seie at du får gratis handel for opptil 21 000 kroner kvar månad, gratis uttak, litt raskare kundestøtte og meir som vert annonsert snart. Dette er eit veldig godt tilbod! Vi deler ingen personinformasjon med Bare Bitcoin, dei ser berre at du kjem frå denne lenka: Det har vore litt av ei reise, men alle reiser har ein ende. No er det på tide for oss å gå vidare til andre ting. Bitcoin lever fint vidare utan Bitmynt. Takk for oss og takk for handelen! – Sturle Sunde»
KjetilR's avatar
KjetilR 1 month ago
It just needed a bit of warm weather to start growing #gardening #garden-tour 👨‍🌾
KjetilR's avatar
KjetilR 1 month ago
The new garden bed cost about $200 to build, and the estimated yield for the first year is about $80, so I'm satisfied with that 😀 #gardening image
KjetilR's avatar
KjetilR 1 month ago
Growing tomatoes indoors this year, and it looks like it might succeed. #gardening 🍅😀 image
KjetilR's avatar
KjetilR 4 months ago
The 2026 gardening season is finally underway with new shelves and grow lights. #gardening image
KjetilR's avatar
KjetilR 4 months ago
Finally back on top of the leaderboard, and it’s only cost me 2 kg of fat in the process. 💦 #runstr 💪🚶 image
KjetilR's avatar
KjetilR 5 months ago
tough competition in #runstr season II #walking 😓🚶 image
KjetilR's avatar
KjetilR 5 months ago
Starting season II on top of the leaderboard #runstr 🚶‍♂️🏆 image
KjetilR's avatar
KjetilR 5 months ago
Silver 🪙 keeps going ↗️. #silver image
KjetilR's avatar
KjetilR 6 months ago
#runstr season 2 here we come 🏃 image
KjetilR's avatar
KjetilR 6 months ago
Just completed gym workout with RUNSTR! ⏱️ Duration: 26:24 📏 Distance: 5.00 km ⚡ Pace: 5:17 /km 🔥 Calories: 264 kcal #RUNSTR #Strength
KjetilR's avatar
KjetilR 8 months ago
Time to prepare the garden for winter and next year’s harvest. The plan is to expand by growing several types of herbs, and otherwise I’ll continue with much of the same as this year #gardening image
KjetilR's avatar
KjetilR 9 months ago
Planted a fig tree and some blueberry bushes that were bought on sale this fall, but I'm wondering if a fig tree will thrive in the wet and cool climate here in Norway . 🤨 #gardening
KjetilR's avatar
KjetilR 9 months ago
Sistemann ut av landet vennligst slukk lyset 😫 #valg25 #norgstr